--- title: Installering sidebarDepth: 3 --- # Korleis installerer eg Castopod? Det er meininga at Castopod skal vera lett å installera. Uansett om du bruker eige eller delt vevhotell, kan du installera på dei fleste maskiner som har PHP og MySQL. ## Krav - PHP v8.0 eller nyare - MySQL versjon 5.7 eller nyare, eller MariaDB versjon 10.2 eller nyare - Støtte for HTTPS ### PHP v8.0 eller nyare PHP versjon 8.0 er eit krav, med desse utvidingane: - [intl](https://php.net/manual/en/intl.requirements.php) - [libcurl](https://php.net/manual/en/curl.requirements.php) - [mbstring](https://php.net/manual/en/mbstring.installation.php) - [gd](https://www.php.net/manual/en/image.installation.php) med **JPEG**-, **PNG**- og **WEBP**-biblioteka. - [exif](https://www.php.net/manual/en/exif.installation.php) I tillegg må du passa på at desse utvidingane er skrudde på i PHP-installasjonen din: - json (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av) - xml (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av) - [mysqlnd](https://php.net/manual/en/mysqlnd.install.php) ### MySQL-kompatibel database > Me tilrår [MariaDB](https://mariadb.org). ::: warning Åtvaring Castopod verkar berre med databasar som støttar MySQL 5.7 eller nyare. MySQL 5.6 eller eldre vil ikkje fungera, ettersom den versjonen vart forelda i februar 2021. ::: Du treng vertsnamnet til tenaren, databasenamnet, brukarnamnet og passordet til databasen for å fullføra installeringa. Viss du ikkje har desse, må du kontakta administratoren for tenarmaskina di. #### Tilgangsrettar Brukaren må minst ha desse tilgangsrettane på databasen for at Castopod skal fungera: `CREATE`, `ALTER`, `DELETE`, `EXECUTE`, `INDEX`, `INSERT`, `SELECT`, `UPDATE`. ### (Eventuelt) FFmpeg v4.1.8 eller nyare for filmklypp Du treng [FFmpeg](https://www.ffmpeg.org/) versjon 4.1.8 viss du vil laga filmklypp. Desse utvidingane må vera installerte: - **FreeType 2**-biblioteket for [gd](https://www.php.net/manual/en/image.installation.php). ### (Eventuelt) Andre tilrådingar - Redis for betre bufring. - Innhaldsnettverk (CDN) for å bufra statiske filer og betra ytinga. - Epostløysing for å nullstilla passord. ## Korleis du installerer ### Føresetnader 0. Få tak i ein vevtenar som fyller [krava](#requirements) 1. Lag ein MySQL-database for Castopod der brukaren har tilgangs- og endringsløyve (les meir om [MySQL-database](#mysql-compatible-database)). 2. Ta i bruk HTTPS på domenet ditt ved hjelp av eit _SSL-sertifikat_. 3. Last ned og pakk ut den nyaste [Castopod-pakka](https://castopod.org/) på vevtenaren din, om du ikkje allereie har gjort det. - ⚠️ Set dokumentrota til vevtenaren til undermappa `public/` i `castopod`-mappa. 4. Lag **cron-oppgåver** på vevtenaren din for ulike bakgrunnsprosessar (byt ut stiane så dei passar til oppsettet ditt): - For at sosiale funksjonar skal fungera, trengst denne oppgåva for å kringkasta sosiale aktivitetar til fylgjarane dine på fødiverset: ```bash * * * * * /sti/til/php /sti/til/castopod/public/index.php scheduled-activities ``` - For å kringkasta episodane på opne nettnav som bruker [WebSub](https://en.wikipedia.org/wiki/WebSub): ```bash * * * * * /usr/local/bin/php /castopod/public/index.php scheduled-websub-publish ``` - For å laga filmklypp (sjå [FFmpeg-krava](#ffmpeg-v418-or-higher-for-video-clips)): ```bash * * * * * /sti/til/php /sti/til/castopod/public/index.php scheduled-video-clips ``` > Desse oppgåvene blir utførte **kvart minutt**. Du kan setja opp kor ofte du > treng å utføra oppgåvene: kvart 5., 10. minutt eller meir. ### (Tilrådd) Autoinstallering 1. Køyr Castopod-installasjonen ved å gå til autoinstalleringssida (`https://domenet_ditt.no/cp-install`) i nettlesaren din. 2. Fylg framgangsmåten på skjermen. 3. Start å podkasta! ::: info Installasjonsskriptet lagar ei`.env`-fil i rotmappa til pakka. Viss du ikkje kan bruka autoinstalleringa, kan du [oppretta og oppdatera `.env`-fila manuelt](#alternative-manual-configuration). ::: ## Pakker frå brukarsamfunnet Viss du ikkje vil bry deg med å installera Castopod manuelt, kan du bruka ei av pakkene som brukarsamfunnet har laga. Det er tilhengjarar og brukarar av open kjeldekode som lagar og vedlikeheld desse pakkene. ### Installer med Yunohost [Yunohost](https://yunohost.org/) er ein Linux-distribusjon som er bygd på Debian GNU/Linux og som inneheld frie og opne program. Yunohost tek seg av det meste som har med oppsett av eigen vevtenar å gjera.
Installer Castopod med Yunohost Github-arkiv
### Installer med Docker Viss du vil bruka Docker til å installera Castopod, er det mogleg takk vere [Romain de Laage](https://mamot.fr/@rdelaage)! Installer med Docker ::: info Etter som mange spør etter Docker-installasjon, planlegg me å laga ei offisiell Docker-pakke for Castopod her i vårt eige arkiv. :::