castopod/docs/src/nn-NO/getting-started/install.md

6.6 KiB

title sidebarDepth
Installering 3

Korleis installerer eg Castopod?

Det er meininga at Castopod skal vera lett å installera. Uansett om du bruker eige eller delt vevhotell, kan du installera på dei fleste maskiner som har PHP og MySQL.

Krav

  • PHP v8.0 eller nyare
  • MySQL versjon 5.7 eller nyare, eller MariaDB versjon 10.2 eller nyare
  • Støtte for HTTPS

PHP v8.0 eller nyare

PHP versjon 8.0 er eit krav, med desse utvidingane:

I tillegg må du passa på at desse utvidingane er skrudde på i PHP-installasjonen din:

  • json (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av)
  • xml (vanlegvis aktivt - ikkje skru det av)
  • mysqlnd

MySQL-kompatibel database

Me tilrår MariaDB.

::: warning Åtvaring

Castopod verkar berre med databasar som støttar MySQL 5.7 eller nyare. MySQL 5.6 eller eldre vil ikkje fungera, ettersom den versjonen vart forelda i februar 2021.

:::

Du treng vertsnamnet til tenaren, databasenamnet, brukarnamnet og passordet til databasen for å fullføra installeringa. Viss du ikkje har desse, må du kontakta administratoren for tenarmaskina di.

Tilgangsrettar

Brukaren må minst ha desse tilgangsrettane på databasen for at Castopod skal fungera: CREATE, ALTER, DELETE, EXECUTE, INDEX, INSERT, SELECT, UPDATE.

(Eventuelt) FFmpeg v4.1.8 eller nyare for filmklypp

Du treng FFmpeg versjon 4.1.8 viss du vil laga filmklypp. Desse utvidingane må vera installerte:

  • FreeType 2-biblioteket for gd.

(Eventuelt) Andre tilrådingar

  • Redis for betre bufring.
  • Innhaldsnettverk (CDN) for å bufra statiske filer og betra ytinga.
  • Epostløysing for å nullstilla passord.

Korleis du installerer

Føresetnader

  1. Få tak i ein vevtenar som fyller krava

  2. Lag ein MySQL-database for Castopod der brukaren har tilgangs- og endringsløyve (les meir om MySQL-database).

  3. Ta i bruk HTTPS på domenet ditt ved hjelp av eit SSL-sertifikat.

  4. Last ned og pakk ut den nyaste Castopod-pakka på vevtenaren din, om du ikkje allereie har gjort det.

    • ⚠️ Set dokumentrota til vevtenaren til undermappa public/ i castopod-mappa.
  5. Lag cron-oppgåver på vevtenaren din for ulike bakgrunnsprosessar (byt ut stiane så dei passar til oppsettet ditt):

    • For at sosiale funksjonar skal fungera, trengst denne oppgåva for å kringkasta sosiale aktivitetar til fylgjarane dine på fødiverset:
       * * * * * /sti/til/php /sti/til/castopod/public/index.php scheduled-activities
    
    • For å kringkasta episodane på opne nettnav som bruker WebSub:
       * * * * * /usr/local/bin/php /castopod/public/index.php scheduled-websub-publish
    
       * * * * * /sti/til/php /sti/til/castopod/public/index.php scheduled-video-clips
    

    Desse oppgåvene blir utførte kvart minutt. Du kan setja opp kor ofte du treng å utføra oppgåvene: kvart 5., 10. minutt eller meir.

(Tilrådd) Autoinstallering

  1. Køyr Castopod-installasjonen ved å gå til autoinstalleringssida (https://domenet_ditt.no/cp-install) i nettlesaren din.
  2. Fylg framgangsmåten på skjermen.
  3. Start å podkasta!

::: info

Installasjonsskriptet lagar ei.env-fil i rotmappa til pakka. Viss du ikkje kan bruka autoinstalleringa, kan du oppretta og oppdatera .env-fila manuelt.

:::

Pakker frå brukarsamfunnet

Viss du ikkje vil bry deg med å installera Castopod manuelt, kan du bruka ei av pakkene som brukarsamfunnet har laga. Det er tilhengjarar og brukarar av open kjeldekode som lagar og vedlikeheld desse pakkene.

Installer med Yunohost

Yunohost er ein Linux-distribusjon som er bygd på Debian GNU/Linux og som inneheld frie og opne program. Yunohost tek seg av det meste som har med oppsett av eigen vevtenar å gjera.

Installer med Docker

Viss du vil bruka Docker til å installera Castopod, er det mogleg takk vere Romain de Laage!

Installer med Docker

::: info

Etter som mange spør etter Docker-installasjon, planlegg me å laga ei offisiell Docker-pakke for Castopod her i vårt eige arkiv.

:::