castopod/docs/src/nn-NO/getting-started/update.md

2.9 KiB

title sidebarDepth
Oppdatering 3

Korleis oppdaterer eg Castopod?

Når du har installert Castopod, kan det vera lurt å oppdatera nettstaden din til siste versjonen for å få nye funksjonar, , feilrettingar 🐛 og betre yting .

Framgangsmåte for å oppdatera automatisk

Kjem snart... 👀

Framgangsmåte for å oppdatera manuelt

  1. Gå til sida med utgjevingar og sjå om nettstaden din bruker siste utgåva av Castopod

  2. Last ned den nyaste pakka som heiter Castopod Package, du kan velja mellom zip- eller tar.gz-arkiva

    • ⚠️ Pass på at du lastar ned programpakka, og IKKJE kjeldekoden
  3. På vevtenaren din:

    • Fjern alle filene utanom .env og public/media

    • Kopier dei nye filene frå den nedlasta pakka til vevtenaren din

      ::: info

      Det kan henda du må nullstilla filtilgangsrettar slik du gjer når du installerer. Sjå Tryggleiksspørsmål.

      :::

  4. Nokre utgjevingar kan ha fleire oppdateringsinstruksar (sjå sida med utgjevingar). Det gjeld vanlegvis migreringsskript i .sql-format for å oppdatera databaseskjemaet ditt.

  5. Viss du bruker redis, må du tøma bufferen.

  6. Ferdig!

Vanlege spørsmål (FAQ)

Kvar finn eg Castopod-versjonsnummeret?

Gå til styringspanelet for Castopod. Versjonsnummeret står i nedste venstre hjørnet.

Du kan òg finna versjonsnummeret i app > Config > Constants.php-fila.

Eg har ikkje oppdatert på lenge… Kva skal eg gjera?

Ingen problem! Berre last ned den siste utgåva som skildra over. Hugs berre at når du går gjennom utgjevingsinstruksane (4), går du gjennom dei frå eldst til nyast.

Du bør truleg tryggingskopiera nettstaden din, avhengig av kor lenge sidan det er du oppdaterte Castopod.

Til dømes viss du er på v1.0.0-alpha.42 og vil oppgradera til v1.0.0-beta.1:

  1. (stekt tilrådd) Ta ein tryggingskopi av filene og databasen din.

  2. Last ned siste utgåva, erstatt alle filene utanom .env og public/media.

  3. Gå gjennom alle oppdateringsinstruksane frå eldst til nyast. Start med v1.0.0-alpha.43, v1.0.0-alpha.44, v1.0.0-alpha.45, …, v1.0.0-beta.1.

  4. Ferdig!

Bør eg tryggingskopiera før eg oppdaterer?

Det bør du. Viss ikkje, kan du mista heile Castopod-nettstaden dersom noko går gale!

I det heile bør du ta jamnlege tryggingskopiar av Castopod-filene og databasen for å unngå å mista noko…